I episode 97 av Til Sjøs husker HC feil når det gjelder hvilken retning MS Sleipner gikk den skjebnesvangre novemberkvelden i 1999.
MS Sleipner var på vei nordover!
Vi beklager feilen! Nederst i saken kan du lese sammendrag av NOU-rapporten som ble utarbeidet etter forliset.
Her kan du se episoden:
Rapporten etter Sleipner-ulykken i 1999
Dette skjedde under Sleipner-ulukka:
- Fredag 26. november 1999, klokka 17.33. MS «Sleipner» går frå Stavanger. Flaggruten er tre minutt forseinka då ho legg ut frå hamna med kurs for Haugesund, Stord og Bergen. Det bles sørleg til sterk kuling langs kysten. På vegen over Boknafjorden tek kaptein Sverre Hagland ikkje kontakt med Haugesund lufthamn for å høyra om vindforholda, slik prosedyren tilseier, før han samtalar med sørgåande Flaggrute om eventuell busstransport av passasjerane forbi havstykket Sletta. Overfor ulukkeskommisjonen forklarte Hagland at han oppfatta vindforholda som uendra frå då han sjølv førte «Sleipner» sørover til Stavanger.
- 18.47. «Sleipner» går fra Haugesund. Skipet er no to minutt forseinka. Passasjertalet var ikkje kjent for mannskapet, men viser seg seinare å vera 76 personar. Med eit mannskap på ni, er det totalt 85 personar om bord på Flaggruten nordover.
- 19.07 - 19.08. Kaptein Hagland fører Sleipner rett mot Hårskru fyrlykt når overstyrmann Olav Skjetne roper: «No går du feil! No går me på Blokso.» Hagland har forklart at han ut frå erfaring meinte at fartøyet låg i kvit sektor. Men då han ikkje såg Store Bloksen på radaren under passering av Lille Bloksen, justerte han radaren til faste avstandsringar på 0,25 nautiske mil. Seinare har Hagland forklart at båten kan ha dreidd litt ut av kurs medan han gjorde dette. Det var då Skjetne ropte at «Sleipner» var ute av kurs. Hagland slår på lyskastarane i baugen med det same, og ser at båten har kurs rett mot skjeret.
- 19.08. «Sleipner» går på Store Bloksen. Skjeret forsvinn under baugen, og båten støter mot Store Bloksen. Både passasjerar og mannskap uttrykker i ettertid overrasking over at samanstøyten ikkje er kraftigare, sjølv om det skjer i nærare 35 knops fart. Kaptein Sverre Hagland prøver å dra båten av skjeret ved å rygga, men utan å lukkast. Botnen er riven opp, og det strøymer vatn inn i alle rom i skroga, inkludert maskinrommet. Golvet i salongen framme bøyer seg og sprekk. Veggar rundt kiosken blir pressa inn og sprekk, dører går opp. På babord side blir skutesida regelrett flekka av. Overstyrmann Olav Skjetne skildrar det etterpå som om skutesida blei «opna som av ein svær boksopnar»
- 19.08. Overstyrmann Olav Skjetne til Rogaland radio: - Me har ein naudssituasjon her, er oppe på Blokso nord av Ryvarden fyr. Me trenge assistanse øyeblikkeligt, seier Skjetne. Overstyrmannen orienterer passasjerane over PA-anlegget om kva som har skjedd. Skjetne kommuniserer også med andre båtar i området.
- 19.08. Sea King redningshelikopter blir mobilisert på Sola
- 19.09. Rogaland radio sender ut Mayday relay
- 19.11. Overstyrmann Skjetne til Rogaland radio: - Me står utsatt te, han rive snart sunn heile båten her, seier Skjetne. Han får spørsmål om det er redningsutstyr om bord: - Ja, men eg har ikkje hatt anledning til å gå ned for å sjekke. Flåtene ligge bak, så det... så det e – ja det e dårligt det – så du får berre få et helikopter ut så snart så muligt.
- 19.14. Overstyrmann Skjetne til Rogaland radio: - Me ligge mørklagde med ein nødgenerator som me har i gang her no, men eg vett ikkje kor lenge den går, heller.
- 19.15. MF «Strandebarm», MS «Edda Frende», MS «Akershus» og MS «Askita» melder seg til redningsaksjonen og legg kursen mot «Sleipner».
- 19.15. Haugesund politidistrikt blir varsla. Politiet opprettar straks lokal redningssentral.
- 19.18. Overstyrmann Skjetne til Rogaland radio: - Han e gåen den strømmen. Så me har ikkje VHF, så eg står og snakke i et håndsett.
- 19.20. Hovudredningssentralen varslar Statens luftambulanse. Det bles for mykje til at helikopteret kan ta av.
- 19.20. Hovudredningssentralen kallar inn pressekontaktar og pårørandeseksjon.
- 19.30. Politiet opprettar mottaksstad i Mølstrevåg, innanfor Ryvarden fyr. Sambandsforholda på staden var dårlege.
- 19.35. Rogaland radio melder til Hovudredningssentralen at «Sleipner» driv av Store Bloksen.
- 19.36. Overstyrmann Skjetne til Rogaland radio: - Mayday Rogaland radio, eg hørre deg, men me har mista noken VHF’er så det e så vondt – men me har mista baugen, så me har lite å flyta på. Me har dreve av Blokso no og e på vei innover fjorden. (...) Me lyte få litt hjelp, så snart så muligt, me har lite å flyta på, heile baugen e jo vekke her.
- 19.39. Rogaland radio kallar opp «Sleipner» to gonger, men får ikkje svar.
- 19.40. «Sleipner» går ned og naudpeilesendaren til båten byrjar å senda.
- 19.46. Sea King redningshelikopter tek av frå Sola.
- 19.48. MS «Askita» stadfestar at «Sleipner» har gått ned. MS «Draupner» får i oppdrag å koordinera redningsarbeidet på staden. Ei rekke farty går i gang med sjøsøk.
- 19.50. Politimeisteren i Stavanger kallar inn heile redningsleiinga til Hovudredningssentralen på Sola.
- 20.10. Sea King redningshelikopter kjem fram til ulukkesstaden.
- 20.18. AMK på Sentralsykehuset i Rogaland blir informert om skadeutviklinga.
- 20.20. Hovudredningssentralen varslar AMK på Haugesund sykehus og Haukeland sykehus. AMK på Stord sjukehus blir ikkje varsla.
- 21.18. Omfattande sjø- og strandsøk blir sett i gang. Leiting langs strendene i Sveio, Bømlo og vestre del av Kvinnherad, samt Sunnhordland-bassenget.
- I løpet av fredag kveld blir elleve personar funne omkomne. Alle blir frakta til Haugesund sykehus for identifisering. For alle dei omkomne blir dødårsaka fastslått å vera drukning.
- Laurdag 27. november klokka 18.00. Redningsaksjonen blir avslutta. Leiinga av vidare søk etter omkomne blir overteke av Hordaland politidistrikt.
- Søndag 28. november. To omkomne blir funne i vraket på 99 meters djupne. Fjernstyrt miniubåt finn dei to under leiting i vraket på havbotnen. Ytterlegare to omkomne blir seinare funne ved offentleg og privat søk.
- Måndag 21. august 2000. Vraket av Sleipner blir heva.
- Onsdag 22. november 2000. Den siste omkomne blir funnen. 16 år gamle Arne Halvor Aasbø blei funnen av KNM «Tyr» på 194 meters djupne, rundt tre kilometer frå staden der «Sleipner» gjekk ned.
Kilde: NOU-rapport 2000:31, «Hurtigbåten MS Sleipners forlis 26. november 1999»
Hele rapporten finner du her: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2000-31/id143395/

